HVL-logoHVL-logo

Oppmøteregistrering

Oppmøteregistrering

Viktig!

Nye studentar ved HVL må gjennomføre oppmøteregistrering mellom ca. kl. 14, den 11. august og 14. august kl. 15. Sjølv om du har takka ja til studieplassen, treng vi denne ekstra stadfestinga frå deg ved studiestart.

Du vil få SMS når registreringa opnar. Her får du opplyst om fristen for å registrere seg og ein oppmøtekode. Oppmøteregistreringa er obligatorisk og du kan miste studieplassen din dersom du ikkje gjennomfører denne.

Du gjer følgjande:

Dersom du har norsk fødselsnummer (11 siffer)
  1. I skjema under her, skriv inn oppmøtekoden du har fått opplyst.
  2. Klikk «Send». (Du vil bli beden om å logge inn på ID-porten).
  3. For å fullføre registreringa, følg dei vidare instruksjonane.
  4. Ta gjerne eit skjermbilde av bekreftelsessida.
Dersom du ikkje har norsk fødselsnummer (11 siffer)
  1. I skjema under her, skriv inn e-postadressa du brukte då du søkte om opptak. NB! Ingen andre e-postadresser enn denne vil fungere.
  2. Skriv så inn oppmøtekoden du har fått opplyst.
  3. Klikk «Send».
  4. Du skal no få tilsendt ein e-post med ei lenke. Dersom e-posten ikkje kjem innan forventa tid, bør du sjekke søppelpost eller anna spamfilter.
  5. For å fullføre registreringa må du klikke på lenka i e-posten. Dersom alt er i orden vil du få ei kvittering på den nye nettsida som opnar seg når du følgjer lenka.

Dersom du får problem med registreringa eller blir hindra frå å gjennomføre denne, må du ta kontakt med opptak@hvl.no snarast og innan fristen for oppmøteregistrering går ut.

Meir informasjon om studiestart finn du på www.hvl.no/studiestart.