HVL-logoHVL-logo

Emnearkiv

Samfunnsfag 2, emne 1 (MGUSA301)

Emnebeskriving for studieåret 2019/2020

Læringsutbytte:

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:

Kunnskap

Kandidaten

  • har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
  • har djupnekunnskap om sentrale føresetnadar for, og problemstillingar knytte til, statsdanning, menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
  • har djupnekunnskap om samane som urfolk og kjennskap til urfolksproblematikk i internasjonalt perspektiv
  • har djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, demografi, globalisering og berekraftig utvikling
  • har innsikt i sosiale og kulturelle faktorar som påverkar kjønnsidentitet, seksualitet og samliv 

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar data og kjelder, og bruke dette i eige FOU-arbeid og til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
  • kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet for mellom- og ungdomstrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov
  • kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
  • kan legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
  • kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
  • kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvere lokalt samfunnsliv i opplæringa 
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding.

Innhald og oppbygging : Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar. Dette emnet er retta mot mellom- og ungdomstrinnet med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansemål. Samfunnsfagsstudiet grunnskulelærarutdanninga byr på ei balansert fordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. Emnet skal gi større rom for fordjuping i utvalde geografiske område, historiske epokar og samfunnsfaglege prosessar. Internasjonale emne er sentrale. Emnet tar opp vitskapleg tenkemåte og kjeldekritikk. Noko av pensum er på engelsk. 

Undervisnings- og læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, individuelt arbeid, ekskursjonar.

Undervisningsspråk: Norsk

Krav til forkunnskapar: Ingen

Vurderingsform:

Skriftleg skuleeksamen, 6 timar.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Arbeidskrav:

Studenten må delta i ein aktivitet som omhandlar tema "ressursforvalting og /eller berekraftig utvikling". Oppgåva blir vidare  gjort rede for i undervisningsplanen.

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i utdanninga skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. 

Hjelpemiddel ved eksamen: Ingen

Tilrådde forkunnskapar: MGUSA101 og MGUSA201

Social studies 2, module 1 (MGUSA301)

Course Description for Year of Study 2019/2020