HVL-logoHVL-logo

Emnearkiv

Profesjonsretta pedagogikk, emne 2: IKT i læring (MGUPP231)

Emnebeskriving for studieåret 2019/2020

Læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten har

  • brei kunnskap om korleis digital teknologi og koding kan brukast i undervisnings- og læringsarbeid
  • innsikt i korleis teknologien spelar saman med sentrale pedagogiske handlingsomgrep som undervisning, oppdraging, læring, vurdering og danning på klassetrinna 5-10
  • kunnskap om korleis digitale verktøy kan påverka motivasjon og læring hos elevar, med særleg vekt på ungdomstrinnet

Ferdigheiter

Studenten kan

  • gjennom skapande aktivitet bruka eit breitt utval av digitale verktøy i undervisninga, særleg på ungdomstrinnet
  • i eit kritisk perspektiv reflektera over korleis digitale verktøy og koding kan knytast til ulike faglege kontekstar 

Generell kompetanse

Studenten kan

  • planleggja, gjennomføra og kritisk vurdera undervisning der digitale verktøy inngår i ulike læringsformer
  • vurdera elevarbeid der digitale verktøy og multimodale presentasjonsformer og produkt inngår

Innhald og oppbygging :

Emnet omfattar kunnskap om bruk av digital teknologi i undervisning og anna læringsarbeid. I emnet legg me opp til at studentane skal utvikla kunnskap om og ferdigheiter knytta til undervisningsplanlegging, utvikling av gode læringsarenaer der digitale verktøy inngår, rettleiing,  vurdering og refleksjon over digitale verktøy si rolle og bruk i undervisning for alderstrinna (5-10). 

I emnet tek me opp læringsteoriar og ulike kunnskapssyn knytta til pedagogisk bruk av IKT i undervisning og læring. Det vert lagt vekt på skapande aktivitetar, der studentane får høve til å arbeida og eksperimentera med innovativ digital teknologi i ulike pedagogiske samanhengar. I emnet vert det lagt opp til at studentane skal utvikla kunnskap om og forståing for koding og algoritmisk tankegang, gjennom arbeid med faglege problemstillingar og tverrfaglege prosjekttilnærmingar.

Undervisnings- og læringsformer: Opplegget inneheld førelesingar på campus og på nett, rettleiing, nettdiskusjonar, nettbaserte ressursar og arbeid med mappeelement. Faglærarar og studentar samarbeider via ei digital læringsplattform. Arbeids- og læringsformene i emnet vil vera prega av variasjon, og omfatta prosjektorganisert lærings-  og produksjonsarbeid, fellesdrøftingar, gruppeprosjekt med rettleiing, og ulike former for individuelt arbeid med rettleiing. Arbeidskrav vil inngå i arbeidet med emnet.

Undervisningsspråk: Norsk

Krav til forkunnskapar: Ingen

Vurderingsform:

Mappe (individuell): Vurderingsform med rettleiing undervegs der karakteren blir fastsett på grunnlag av innleveringar som kan etterprøvast og blir samla i ei mappe. Innhaldet kan samlast over tid og må vera fullført til fastsett frist. Mappevurderinga er bygd opp som ei samla mappevurdering.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Arbeidskrav: Det er obligatorisk frammøte på samlingar og nettbaserte aktivitetar (80%). Det er også 3 obligatoriske  refleksjonsnotat knytta til eigen læringsprosess og det faglege grunnlaget.

Hjelpemiddel ved eksamen: Alle

Professional oriented Pedagogy, module 2: ICT in learning (MGUPP231)

Course Description for Year of Study 2019/2020