HVL-logoHVL-logo

Emnearkiv

Profesjonsretta pedagogikk, emne 2: Estetiske læreprosessar (MGUPP221)

Emnebeskriving for studieåret 2019/2020

Læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten har

  • brei kunnskap om korleis estetiske læreprosessar inngår i skulen sitt kunnskapsgrunnlag
  • innsikt i korleis estetiske perspektiv spelar saman med sentrale pedagogiske handlingsomgrep som undervisning, oppdraging, læring, vurdering og danning på klassetrinna 5-10

Ferdigheiter

Studenten kan

  • anvende eit breitt utval av estetiske  og praktiske arbeidsformer i undervisninga, særleg på ungdomstrinnet
  • reflektere over korleis estetiske læreprosessar kan nyttast i ulike faglege kontekstar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • planlegge og gjennomføre undervisning der estetiske og praktiske arbeidsformer spelar saman med andre former
  • vurdere elevarbeid der estetiske og estetiske arbeidsformer inngår

Innhald og oppbygging :

Profilområdet estetiske læreprosessar i faget profesjonsretta pedagogikk omfattar kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse i  erfaringsbaserte og natur- og kunstfagsinspirerte læreprosessar som er knytt til aktive og opplevingsorienterte kreative strategiar for heilskapleg læring, i spenningsfeltet mellom målretting og improvisasjon.  Oppgåver, arbeidsmåtar og innhald i studieemna skal både gi brei erfaring med og djupnekunnskap om profilområdet.

Studentar som vel denne profilen vil samla få ei utdanning som er undervisningsretta og som sameinar kunnskap, dugleikar og generell kompetanse på tvers av pedagogikkfaget, den valde profilen og nærliggjande skulefag og skulerelevante fag. Studiet omfattar arbeid med kjerneelement i estetiske læreprosessar som fiksjon og fantasi, kropp i rørsle, skaping og gjenskaping i og med materialar, tekstar og musikk. Det blir lagt særleg vekt på korleis slike kjerneelement kan verta integrert, brukt, vurdert, og studert og forska på som didaktiske grep i skulen, i samspel med lærarutdanningsfaga som utgjer det samla studiet.  

Undervisnings- og læringsformer: Profilen er organisert med førelesingar, obligatoriske samlingar samt nettbaserte ressursar. Arbeids- og læringsformene innanfor emnet er prega av variasjon, og omfattar også prosjektorganisert lærings-  og produksjonsarbeid, fellesdrøftingar, gruppeprosjekt med rettleiing, ulike former for individuelt arbeid med rettleiing. Praktisk-estetisk skapande arbeid inngår i emnet i form av prosjekter.

Undervisningsspråk: Norsk

Krav til forkunnskapar: Ingen

Vurderingsform:

Prosjekteksamen.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Arbeidskrav:

  • Delta på samlingar og nettbaserte aktivitetar
  • Innlevering av praktisk-estetisk arbeid, rapporter og refleksjonsnotat etter fastsatt plan
  • Deltaking i prosjektarbeid, framføringer og veiledning

Arbeidskrav blir nærmere presisert i semesterplan. Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen: Alle skrevne og trykte hjelpemidler

Professional oriented Pedagogy, module 2 (MGUPP221)

Course Description for Year of Study 2019/2020