HVL-logoHVL-logo

Emnearkiv

Profesjonsretta pedagogikk, emne 2: Framifrå undervising (MGUPP211)

Emnebeskriving for studieåret 2019/2020

Læringsutbytte:

Ved fullført studium skal studenten ha følgande læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten har

  • brei kunnskap om både nasjonal og internasjonal forsking i fagfeltet.

 

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • forklare og beskrive praksisdeltakande forsking i lys av teoriar og metodar.

 

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • på bakgrunn av forsking utvikle pedagogiske handlingar som kan reknast som framifrå undervisning, samt utvikle skulen som pedagogisk-profesjonell institusjon.

Innhald og oppbygging :

Gjennom profilemnet skal studenten utforske kva framifrå undervisning kan vere og korleis slik undervisning kan verke inn på læringa til elevane. Emnet siktar mot å gi ein brei og avansert kompetanse i forsking i og pedagogisk praksis, som grunnlag for å utvikle både framifrå undervisningspraksis i klasserommet og å utvikle skulen. Dette arbeidet omfattar også elevane sine aktivitetar, både i samspel med lærar, medelevar og andre aktørar ved skulen.

Deltakande forsking (i pedagogisk praksis), eksempelvis aksjonsforsking, som opnar for forståing og forbetring av pedagogisk praksis, er ein viktig del av profilen. I tillegg rettar vi merksemda mot forsking pedagogisk praksis, det vil seie forsking der forskaren eller forskingsarbeidet ikkje er direkte involvert I ein arbeidskvardag på skulen. Her legg vi særleg vekt på teoriar og metodar som er eigna til å forklare, beskrive og analysere kunnskap utvikla gjennom praksisdeltakande forsking. Til saman gir desse to forskingsperspektiva eit solid grunnlag for å kunne utforske og utvikle både pedagogisk profesjonalisering av skulen og ulik forståing av kva pedagogisk-innovative undervisningsformer kan vere.

Masterstudenten skal vidare knytast til nasjonale og internasjonale nettverk for på den måten å bli ein del av eit forskarfellesskap.

Undervisnings- og læringsformer: Det blir lagt vekt på varierte arbeids- og læringsformer, som førelesingar, refleksjon, undersøking, analyse, forskingskritiske øvingar, akademisk skriving og diskusjonsfora. Profilen kombinerer forsking i og praksisfeltet, med faglege tilbakemeldingar. Utprøving og utforsking av innovative undervisningsformer vil såleis utgjere ein sentral del av praksisperiodane, som eit fellesprosjekt mellom masterstudenten, skulen og lærarutdanninga. Profilen gir også rom for å formidle eiga forsking i nasjonale og internasjonale forskingsnettverk.

Undervisningsspråk: Norsk/Engelsk

Krav til forkunnskapar: Profesjonsretta pedagogikk, emne 1

Vurderingsform:

Prosjekt.

Eksamen består av to delar:

  • Praksisrelatert semesteroppgåve (3000 ord) basert på refleksjonsnotata i  arbeidskravet.  
  • Avsluttande presentasjon: Studenten bearbeider og presenterer eitt eller begge mappeelementa til populærvitskapleg artikkel (1500 ord) og seminarinnlegg, fysisk eller virtuelt (maks 20 min). 

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. 

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Arbeidskrav:

  • Delta på undervisningsaktivitet
  • 3 refleksjonsnotat knytt til eigen læringsprosess og det faglege grunnlaget

Vurdering: Godkjend/ ikkje godkjend.

Hjelpemiddel ved eksamen: Alle

Professional oriented Pedagogy, module 2: Excellent Teaching (MGUPP211)

Course Description for Year of Study 2019/2020