HVL-logoHVL-logo

Emnearkiv

Kunst og handverk 2, emne 1 (MGUKH301)

Emnebeskriving for studieåret 2019/2020

Læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om barn og unge sine uttrykk, deira skapande evne og formspråk, samt korleis dette bidreg til å danne deira identitet og livsverden
  • har kunnskap om relevante analoge og digitale verktøy, ulike material, teknikkar og estetiske virkemiddel som egner seg i begynnaropplæringa og seinare
  • har kunnskap om hovudretningar innanfor handverk, design, arkitektur og kunst i ulike kulturar til ulike tider
  • har kunnskap om korleis lys, rom og farger påverkar læring og samt korleis ein kan organisere skolens ute- og innerom hensiktsmessig

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan utnytte materiala sine eigenskapar og kvaliteter, vise innsikt i eigne skapande prosesser og bruke desse kunnskapane i undervisnings- og utviklingsarbeid
  • kan formidle, analysere og vurdere design, arkitektur og kunst for hensiktsmessig bruk i opplæringa
  • kan bruke, forklare og demonstrere korleis grunnleggande ferdigheiter kan definerast innanfor faget sin eigenart
  • kan anvende digitale og analoge verktøy i visuell kommunikasjon og som reiskap i arbeid med flater, layout og ulike skrifttypar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan rettleie, samt vurdere og gi framovermeldingar, stimulere og tilpasse opplæringa til elever sine skapande arbeid i tråd med globale og lokale utfordringar
  • viser endringsvilje og engasjement for sjølvutvikling, fag og skule

Innhald og oppbygging : Kunst og handverk 2 bygger på Kunst og handverk 1. Emnet skal bidra til vidareutvikling av kunnskap og ferdigheiter og gi vidare innsikt i faget sin visuelle og materielle kulturforankring. Studenten skal i løpet av studiet vidareutvikle eigne praktiske ferdigheiter og få erfaring med og kunnskap om ulike materiale sine ibuande kvalitetar og teknikkar, som gir læringsutbytte i tråd med læreplanen for 5.-10. trinn. Skapande arbeidsprosesser på verksteden vert knytt til miljøbevisst bruk av material og produksjonsmetodar. Studiet vektlegg utvikling av evne til å oppfatte og forstå andre sin bodskap og sjølv kunne kommunisere i visuelle og fysiske ytringsformer. Forholdet mellom læreplan og profesjonspraksis vert problematisert. Fagdidaktisk refleksjon er ein integrert del av oppgåver, praktisk undervisning, rettleiing og vurdering. Samanhengar mellom barn sin leik og læring vert løfta fram. Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen)

Undervisnings- og læringsformer:

  • Førelesingar
  • Workshop
  • Seminar
  • Fagdagar
  • Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
  • Praktisk arbeid, individuelt og i grupper
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar/ studietur. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.

Undervisningsspråk: Norsk

Krav til forkunnskapar: MGUKH101 og MGUKH201

Vurderingsform:

Vurderingsmappe.

Ei vurderingsmappe  valgt ut fra læringsmappa. Den skal inneholde minst et praktisk arbeid fra hver av fagets emneområder: kunst, arkitektur og design, foruten en fagtekst knyttet til didaktiske refleksjoner.

De praktiske arbeidene skal stillast ut og vurderast sammen med dokumentasjon (=øvinger og utprøvinger) og fagteksten.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Arbeidskrav:

3 obligatoriske arbeidskrav i form av godkjent obligatorisk oppmøte, 1 godkjent gruppearbeid i form av eit formidlingsprosjekt for barn/ unge og 1 læringsmappe bestående av individuelle faglige oppgaver, øvinger,didaktiske refleksjoner og dokumentasjon som skal framlegges til vurdering.

Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og være godkjende før ein kan avlegge eksamen.

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.

Godkjente arbeidskrav er gyldig i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.

Hjelpemiddel ved eksamen: Alle

Arts and Crafts 2, module 1 (MGUKH301)

Course Description for Year of Study 2019/2020