HVL-logoHVL-logo

Emnearkiv

Kunst og handverk 1, emne 2 (MGUKH201)

Emnebeskriving for studieåret 2019/2020

Læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • har grunnleggande kunnskap om relevante material, teknikkar, verktøy og estetiske virkemiddel
  • har grunnleggande  kunnskap om barn og unges to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhøyrande teoriar om estetiske læringsprosesser, oppleving, leik og kreativitet 
  • har grunnleggande  kunnskap om korleis analoge og digitale uttrykksformer innanfor design,  kunst og arkitektur, men også innan handverk, kan tolkast og brukast som utgangspunkt for unge menneske sitt skapande arbeid 
  • har grunnleggande  kunnskap om forholda mellom natur, kulturelle uttrykksformer, verdisyn, kvalitet og etikk 

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan arbeide målretta med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosesser 
  • kan analysere og formidle mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur på varierte måtar 
  • kan formidle val av inspirasjonskjelder, arbeidsmetode, virkemiddel, material, teknikkar, verktøy og læremiddel 
  • kan bruke og vedlikehalde relevante reiskap, apparat og maskiner, og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerhet på verkstedane (HMS-rutinar) 
  • kan bruke teikning både som språkform og som verktøy i skissearbeid, konseptutvikling og arbeidsteikningar i gitt målestokk 
  • kan bruke faget sitt innhald, arbeidsmåtar og teori i undervisningsplanlegging, gjennomføring og læringsorientert vurdering på ein måte som også tek vare på dei fem grunnleggande ferdigheitene 
  • kan organisere utstillingar av elevarbeid og på andre måtar synleggjere faget på ulike arenaer 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan legge til rette for barn og unge sitt skapande arbeid med material som utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
  • er fortruleg med erfaringsbaserte læringsformer og har innsikt i korleis sjølvstendige undersøkingar og skapande arbeidsformer kan bidra til å løyse ulike form- relaterte problem 
  • forstår korleis val av material, arbeidsformer og tema kan bidra til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet  
  • kan utnytte elevmangfaldet som utgangspunkt for tilpassa opplæring
  • kan samarbeide og kommunisere med andre fag om utvikling av fleirfaglege prosjekt samt generere tverrfaglege, vitskaplege og utforskande arbeidsformer 

Innhald og oppbygging :

Kunst og handverk 1 emne 2 gir ein ytterlegare innføring i design, arkitektur og kunst. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og med handverk i ulike material og medium knytt til gjeldande læreplan for 5.-10. trinn i grunnskulen. Arbeid på verkstaden dreier seg om bruk av material og gir innsikt i både analoge og digitale framstillingsmåtar. Studiet legg til rette for at studenten skal utvikle evne til å forstå korleis bodskap kan formidlast visuelt og i material. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Det vert lagt vekt på faget sin relevans og legitimering som eit allmenndannande fag i skulen, og på relevant fagteori.

Studiet førebur studenten på sitt yrke med praktiske øvingar relatert til faget sin vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane sine skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer elevane si faglege utvikling.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen)

Undervisnings- og læringsformer:

  • Førelesingar
  • Workshop
  • Seminar
  • Fagdagar
  • Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
  • Praktisk arbeid, individuelt og i grupper
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar/ studietur. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.

Undervisningsspråk: Norsk

Krav til forkunnskapar:  MGUKH101 

Vurderingsform:

Vurderingsmappe.

Ei mappe som inneheld praktiske arbeid med dokumentasjon og skriftleg refleksjon.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Arbeidskrav:

  • Obligatorisk frammøte til undervisning (80%)
  • Munnleg framlegg i gruppe
  • Skriftleg individuell oppgåve
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling på profesjonsdag. (Dette arbeidskravet gjeld kun fag 1)

Generelt: Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava. Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen. 

Hjelpemiddel ved eksamen: Alle

Arts and Crafts 1, module 2 (MGUKH201)

Course Description for Year of Study 2019/2020