HVL-logoHVL-logo

Emnearkiv

Kunst og handverk 1, emne 1 (MGUKH101)

Emnebeskriving for studieåret 2019/2020

Læringsutbytte:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har grunnleggande kunnskap om relevante material, teknikkar, verktøy og estetiske virkemiddel
  • har grunnleggande kunnskap om mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur
  • har grunnleggande kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhøyrande teoriar om estetiske læringsprosesser, oppleving, leik og kreativitet
  • har grunnleggande kunnskap om forholda mellom natur, kulturelle uttrykksformer, verdisyn, kvalitet og etikk
  • har kunnskap om gjeldande regler om opphavsrett, personvern og kildekritikk også ved bruk av bilde og andre visuelle ressursar

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan både i eigne og i elevane sine skapande prosessar, bruke skisser som metode/ verktøy i arbeid med utprøvingar, idear, idear, dokumentasjon og vurdering
  • kan formidle mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur på varierte måtar
  • kan bruke og vedlikehalde relevante verktøy, apparat og maskiner og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerheit på verkstedane (HMS-rutinar)
  • kan bruke teikning både som språkform og som verktøy i skissearbeid, konseptutvikling og arbeidsteikningar i gitt målestokk
  • kan bruke faget sin eigenart i forhold til dei fem grunnleggande ferdigheitene

Generell kompetanse

Kandidaten

  • forstår korleis skapande arbeid med materiale utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
  • har innsikt i korleis val av material, arbeidsformer og tema bidreg til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
  • kan utnytte elevmangfoldet som utgangspunkt for tilpasset opplæring

Innhald og oppbygging :

Kunst og handverk 1, emne 1 gir en innføring i design, kunst og arkitektur. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og med handverk i ulike materiale og medium knytt til gjeldande læreplan for 5-10 trinn i grunnskolen. Arbeid på verkstaden dreier seg om bruk av materiale og gir innsikt i både analoge og digitale framstillingsmåtar. Studiet legg til rette for at studenten skal utvikle evne til å forstå korleis bodskap kan formidlast visuelt og i materiale. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Det vert lagt vekt på faget sin relevans og legitimering som eit allmenndannande fag i skulen, og på relevant fagteori.

Studiet førebur studenten på sitt yrke med praktiske øvingar relatert til faget sin vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane sine skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer elevane si faglege utvikling.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen)

Undervisnings- og læringsformer:

  • Førelesingar
  • Workshop
  • Seminar
  • Fagdagar
  • Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
  • Praktisk arbeid, i verkstedene,individuelt og i grupper
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar/ studietur. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.

Undervisningsspråk: Norsk

Krav til forkunnskapar: Ingen

Vurderingsform:

Vurderingsmappe.

Ei mappe som inneheld både skriftlege og praktiske arbeid. Det praktiske arbeidet skal stillast ut saman med dokumentasjon og refleksjon.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Arbeidskrav:

  • Obligatorisk frammøte til undervisning (80%)
  • Munnleg framlegg i gruppe
  • Skriftleg individuell oppgåve

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava. Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen. 

Hjelpemiddel ved eksamen: Alle

Arts and Crafts 1, module 1 (MGUKH101)

Course Description for Year of Study 2019/2020