HVL-logoHVL-logo

Emnearkiv

Matematikk 2 for brann-, bygg-, HMS- og maskiningeniørar (MAT203)

Emnebeskriving for studieåret 2019/2020

Læringsutbytte:

Emnet presenterer vidaregåande emne i matematikk og viser korleis matematikk blir integrert i ingeniørfagleg problemløysing.

Kunnskap

Etter å ha fullført dette emnet, kan kandidaten identifisere og løyse problem relatert til delemne i innhald og har kjennskap til matematisk programvare.

 

 

Ferdigheter

  • Kandidaten kan velje matematiske metodar og utføre utrekningar innanfor emnet sine tema.
  • Kandidaten kan forstå, grunngi og vurdere sine utrekningar.
  • Kandidaten kan bruke differensiallikningar og differensiallikningssystem til å modellere og analysere ingeniørfaglige problem.

Generell kompetanse

  • Kandidaten har matematisk forståing som er nødvendig for yrkesutøving og vidare fagleg oppdatering.
  • Kandidatane kan bruke sin matematiske kunnskap, om nødvendig med bruk av matematisk programvare.

Innhald og oppbygging :

Dette er det andre av fleire emne som til saman dekker læringsutbytta i matematikk for graden bachelor i ingeniørfag for maskin-, HMS- og branningeniørar, samt byggingeniørar.

Emnets målsetning er å gi studenten et utvidet grunnlag for den matematikken en ingeniør trenger i studiet og utøvelsen av sin yrkeskarriere.

Innhald: Vektorrom og lineær uavhengnad; eigenverdi og eigenvektor, følger, rekker og konvergens, taylorrekker; fourierrekker; interpolasjon i ein og to dimensjonar; andre ordens differensiallikningar og lineære differensiallikningar av første orden; system av lineære differensiallikningar med to variable; funksjonar av fleire variable; dobbeltintegral; Meir differensiallikningar, fleire variantar.

Undervisnings- og læringsformer: Ulike aktiviteter

Undervisningsspråk: Norsk

Krav til forkunnskapar: Ingen

Vurderingsform: Skriftlig eksamen, 5 timer. Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikke bestått.

Arbeidskrav:

Fire obligatoriske øvingar må vere gjennomført til fastsette fristar og godkjent før eksamen kan gjennomførast.

Godkjente øvingar gir også tilgang til eventuell utsett eksamen følgande semester. Ved utsatt og ny eksamen neste gong faget blir undervist, må nye øvingar leverast.

Hjelpemiddel ved eksamen: Formelark. Enkel kalkulator. Godkjente kalkulatorar er: Casio fx-82 (Alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)

Tilrådde forkunnskapar: Matematikk 1 eller tilsvarende

Mathematics 2 for Fire, Civil, HSE and Mechanical Engineering (MAT203)

Course Description for Year of Study 2019/2020