HVL-logoHVL-logo

Emnearkiv

Kroppsøving 2, emne 1 (MGUKØ301)

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Læringsutbytte:

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om vurdering og dokumentasjon av læring i kroppsøving
  • har kunnskap om omgrepet fair play og respekt for andre i samband med kroppsøving
  • har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening og treningsprinsipp eigna for elevar
  • har kunnskap om kroppen og kroppen i bevegelse, spesielt med tanke på læring av bevegelsesaktivitetar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdera ulike fagdidaktiske problemstillingar knytt til eigen lærarkompetanse, undervising og læring i kroppsøving
  • kan nytte kunnskap i faget med formål å inkludera alle elevane i kroppsøving
  • kan vidareutvikle eigne ferdigheiter og kunnskapar innan ulike bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervisning i kroppsøving
  • kan arbeida tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving og reflektera over fagets innhald og rolle i ein fleirkulturell skule

Innhald og oppbygging :

Emnet tek sikte på at studentane får auka praktisk-pedagogiske kompetanse, og videreutvikla ein sjølvstendig og fagleg refleksjon over undervising og læring i faget.

Emnet er sett saman med bidrag frå ulike område med tanke på å styrke studentane sin faglege og fagdidaktiske forståelse. Sentralt står faglege aspekt som vurdering, fair play, kunnskap om kroppen, trening og kroppsleg læring.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Undervisnings- og læringsformer: Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Undervisningsspråk: Norsk

Krav til forkunnskapar: Kroppsøving del 1 og del 2 gir grunnlag for den faglege forståinga og eigenutviklinga som dette emnet legg opp til.

Vurderingsform:

Individuell skriftleg skuleeksamen, 5 timar.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Arbeidskrav:

  • 80 % frammøte; 100% på turar/ekskursjonar
  • Skriftleg innlevering på bakgrunn av gitt oppgåve.
  • Observasjon knytt til føresetnadar hos elevar og tilpassa opplæring

Hjelpemiddel ved eksamen: Ingen

Physical education 2, module 1 (MGUKØ301)

Course Description for Year of Study 2018/2019