HVL-logoHVL-logo

Emnearkiv

Varme- og strøymingslære (NAB2011)

Emnebeskriving for studieåret 2017/2018

Læringsutbytte:

- Kunnskapar:

Kan rekna ut energilikninga for opne og lukka system med stasjonær strøyming. Dei kan bruka kontinuitetslikninga og Bernoullis likning i berekningar. Studentane kan nytta diagrammet for fuktig luft og kombinere med klimatiske tilhøve for å vurdere luftskifte i lasterom. Dei kan utføra berekningar innan termodynamiske krinsprosessar til turbinar, kompressorar, kjølemaskinar, varmepumper, ottomotoren og dieselmotoren. Studentane kan rekna ut trykktap ved laminær og turbulent strøyming, og dei kan utføra berekningar som bakgrunn for røyr- og pumpekarakteristikkar, som igjen dannar driftspunkt og styrer regulering av pumper.

- Ferdigheitar:

Kan drifte lasterom på ein måte som er fordelaktig for varelasta med utgangspunkt i temperatur og luftfukt. Dei kan berekna driftspunkt av pumper for å handsama flytande last. Studentane kan vurdere ressursbruken ved drift av skip og farty.

- Generell kompetanse:

Kan kommunisere med maskinsjef og personell i maskinrom om tekniske innretningar, framdrift og handsaming og ivaretaking av last. Tileigna kunnskapar skal óg vera med å gi eit grunnlag i sentrale emne basert på konvensjonskrava i STCW 78 as Amended, tabell A-II/1 og A-II/2.

Innhald og oppbygging : Kontinuitetslikning, Bernoullis likning, strøyming i røyr med og utan tapsledd, krinsprosessar: Ottomotoren, dieselmotoren, kjølemaskina/varmepumpa, kompressoren, gassturbina og dampturbina, pumper, røyr- og pumpekarakteristikk, driftspunkt. 

Undervisnings- og læringsformer: Forelesingar og rekneøvingar.

Undervisningsspråk: Norsk 

Krav til forkunnskapar: Ingen.

Vurderingsform: Skriftleg eksamen, 4 timar

Arbeidskrav: Skriftlege innleveringar (spesifiserast i semestereplan ved semesterstart).

Hjelpemiddel ved eksamen: Høgskulen si Teknisk formelsamling (Pedersen, Gustavsen, Kaasa og Olsen) og høgskulen sin kalkulator (Texas TI 84) vert delt ut under eksamen

Tilrådde forkunnskapar: NAB1001 Fysikk, NAB1022 Kjemi, NAB1030 Grunnleggjande Matematikk (eller parallelt). 

Thermo Dynamics and Fluid Mechanics (NAB2011)

Course Description for Year of Study 2017/2018

Learning Outcome:

- Knowledge:

Can use the energy equation for open and closed systems to perform calculations. They do calculations by using the continuity equation and Bernoulli's equation. The students can use the humidity diagram in combination with climatic conditions to assess whether to exchange the air within a cargo hold. They can do calculations in thermodynamic cyclic processes for turbines, compressors, refrigerators, heat pumps, the Otto motor and diesel motors. The students can calculate pressure loss in laminar and turbulent flow and they can do calculations as a basis for pipe- and pump characteristics, which forms operating points and control the regulation of pumps.

- Skills:

Can operate cargo holds in order to maintain the quality of the cargo based on temperature and humidity. They can calculate operating points for pumps and thereby be able to handle liquid cargo. The students can assess the use of resources for operation of ships and vessels.

- General Qualifications:

Can communicate with the Chief Engineer or other trained personnel in the engine room and discuss technical issues, propulsion and cargo handling. The acquired knowledge shall also be part in forming a foundation for important subjects as required in STCW 78 as Amended, tables A-II/1 and A-II/2.

Contents and Structure: Continuity equation, Bernoulli's equation, pipe flow, cyclic processes; The Otto motor, diesel motor, refrigerators, heat pumps, compressors, gas turbines, steam turbines, pumps, pipe- and pump characteristics, operating points.

Teaching Methods: Lectures and exercises.

Language of Instruction: Norwegian

Entry Requirements: None.

Assessment: Written exam, 4 hrs

Course Requirements: Written assignments (will be specified in the beginning of the semester).

Examination Aids: The University College's Teknisk formelsamling(Pedersen, Gustavsen, Kaasa og Olsen) and The University College`s calculator (Texas TI 84) are handed out during the exam.

Recommended Previous Knowledge: NAB1001 Physics, NAB1022 Chemistry, NAB1030 Basic Mathematics (or in parallel).