HVL-logoHVL-logo

Emnearkiv

Kroppsøving 1, emne 1 (MGUKØ101)

Emnebeskriving for studieåret 2017/2018

Læringsutbytte:

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar
Studenten

  • har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
  • har kunnskap om planlegging, -gjennomføring og vurdering av undervising i kroppsøving
  • har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskultur
  • har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos eleven

Ferdigheiter
Studenten

  • kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer,
  • planlegga, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
  • kan bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervisning i kroppsøving
  • kan utforska eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
  • kan ivareta HMS for elevane i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø.
  • kan gje opplæring i symjing, livreddande førstehjelp og livberging i vatn på trinn 5¿10

Generell kompetanse
Studenten

  • kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til allmenndanninga til elevane

Innhald og oppbygging :

Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på steg 5¿10 i grunnskulen.

Emnet tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Sentralt ligg utvikling av undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar som idrett, friluftsliv, leik og dans, samt tidsaktuelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskultur. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Undervisnings- og læringsformer: Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Undervisningsspråk: Norsk

Vurderingsform:

Prosjekt. Individuelt arbeid.

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for gjennomføring av prosjektet.
Tid for innlevering av prosjektet vert opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A til F, der F er ikkje greidd.

Arbeidskrav:

  • 80 % frammøte til undervisning
  • Delta på turar/ekskursjonar (forventa kostnad, sjå semesterplan)
  • Praktisk-metodisk undervisingsoppgåve
  • Friluftsliv med overnatting

Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava, inkludert informasjon om høve til å be om kompensatoriske arbeidskrav for turar/ekskursjonar.

Physical education 1, module 1 (MGUKØ101)

Course Description for Year of Study 2017/2018